![]() Garden Markane ligg på øya Frøya ydst mot havet i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane. Her finn du vakkert kystlandskap med rikeleg av holmar og skjer som gjev lune fiskeplassar eller du kan vera med på havfisketurar der storhavet ventar med spanande opplevingar. Havet er rikt på fisk. Turar i eit omlag skogfrittfjell, der høgaste punktet er 375 m over havet, gjer at du har god utsikt i alle himmelretningar. I fjellet kan du fiske i fjellvatn og du kan dessutan om sommaren sjå sau på utmarksbeite, raudrev og havørn som gjerne vil ha seg ei fåresteik og hjort som beiter seg store til jakta. Bremanger er største hjortekommunen i Noreg. For Dykk som sjølve vil jakte om husten, må De ta kontakt med Indrehus som vi har link saman med. Det milde og fuktige kystklimaet gjer at ein kan drive med sjøaktivitetar som roing, padling, surfing, segling og fiske heile året. Økologisk grasproduksjon og sauedrift er drifta på garden idag. For Dykk som ynskjer det, er det høve til å ta del i dei ulike aktivitetane som føregår på garden til dei ulike årstidene: slått og innhausting, stell og vedlikehald av hus og driftsbygningar, sauesanking og hjortejakt saman med verten, lamming og vårarbeid, rusefiske om hausten. Viktige servicesentra er Kalvåg (1 km), Svelgen (15 km + ferje i 35 min), Florø (5 km + ekspressbåt 25 min), Måløy (25 km + ferje 30 min). Godt ferjesamband gjer at du lett kan ta deg fram nordover til Sunnmøre/Ålesund, sørover til Sunnfjord, Florø, Førde og Bergen, austover til Sogndal og Stryn, og vidare over fjellet til austlandet og Oslo. Frå Smørhamn (5 km frå Markane) går der ekspressbåt til Måløy, Florø og Bergen, som alle har anløp av hurtigruta langs kysten. Florø har dessutan flyplass som Widerø trafikkerar. Kalvåg har dei siste ti åra vakse seg fram til å bli ein stad der mange turistar legg turen. Hamna er omkransa av restaurerte sjøhus, som er det største og best bevarte i Sogn og Fjordane. Sjøbuene er idag nytta til feriebustadar om sommaren og til bustad for arbeidarar i fiskeindustrien om vinteren. Kalvåg er dessutan utpeika som eit av 38 tettstader i Noreg som utmerkar seg med restaurering og tilrettelegging for turistar. Langs vegane er det fin utsikt over landskapet. Bilturistane har mange vegar å velje mellom der trafikken er liten. Vegar og ferjer bind regionen saman. Dei viktigaste turistmåla i Sogn og Fjordane kan nåast på 1-4 timar. Bruk gjerne Cappelens Bil og turistkart Blad 2. 1-325000. Markane er ein roleg feriestad for deg som er fiskeglad, ispirerande for deg som søkjer aktivitet og spaning på sjøen eller på fjellet. Inspirerande er det og også for deg som likar å måle eller å skrive. Motiva er mange og lyset er skiftande i dei ulike årstidene. Eller kanskje vil du berre slappe av og nyte roen og sjølufta og nytte deg av tilboda som Kafe Vest og Restaurant Knutholmen kan tilby i maritimt miljø. ![]() Huset ligg i tunet til garden Markane ca. 20 m frå vertskapet. Det vart restaurert i 1994/95, men har framleis den gamle stilen med panel og tømmer. Frå huset har du fin utsikt over Frøysjøen som til tider kan vere frådane som storhavet og spegelblank som eit fjellvatn. Vil du bruke robåt er det berre 100 m til sjøen, men vil du fiske frå motorbåt, så kan den leigast og småbåthamna er ca.700 - 800 m frå huset. Det er råd å bade ved sjøen som har rullesteinstrand, men ved å gå 1 km er der ei lita badestrand med servicehus eller du vil køyre ca 20 km til Grotlesanden og oppleve ei av dei finaste sandstrendene lang .kysten Huset har stove med fargefjernsyn, kjøkken med kaffitrakter, kjøleskåp, komfyr med steikeomn, bad med dusj, toalett og vaskemaskin, kjellar for lagring av utstyr og fiskearbeid, stor frysar. Barnevogn/seng/leikegrind kan skaffast dersom ein gir melding på førehand. Stor uteplass med grill. Parkeringsplass for to bilar 10 m frå huset. I Kalvåg sentrum finn du: postfilial, bank, kafe og restaurant med alle rettigheiter, daglegvarehandel, bensinstasjon, bibliotek og turistinformasjon. I tillegg er det råd å kjøpe fersk fisk/sild frå fiskeverksemdene og leggja eit besøk til Kystmuseet i Sogn og Fjordane si avdeling i Kalvåg. "Gamle Opstad" er ein havgåande fiske/turbåt som tek turistar ut på storhavet for ein rimeleg kostnad, der ein får freiste å dra storfisken. ![]() Hytta vart utvida i 1994/95 og er på ca 70 m2. Ho ligg på øya Vederskytten midt i Oldersundet mellom øya Frøya og Bremangerlandet. Du treng difor båt (som er med i utleiga) til og frå hytta. Vederskytten er på 232 dekar med lett blanding av skog og lyngheier som sauer beiter på om sommaren og som er rike på blåbær og tyttebær om hausten. Der er dessutan eit rikt fugleliv, der fuglesongen berre vert avbroten med dur frå ein og annan båt som tøffar forbi i sundet. Hytta har kjøkken med gassbluss, gasskjøleskåp og spisekrok, stove med vedomn, vaskerom og lager. Stor terrasse med 5 m gangveg til utedo/vedabu. Drikkevatn må bringast og all belysning er med oljelampar og stearinlys. Hytta ligg godt skjerma i tett granskog ca. 75 m frå flytebrygge. Overfarten med båt tek ca. 5 min og bilen skal parkerast ved småbåthamna, der ein har tilgang til stor frysar i gamalt sjøhus. Dusjing og klesvask må avtalst med vertskapet. Bil og småbåthamn kan sjåast frå Vederskytten. Frå småbåthamna til Kalvåg sentrum er det knappe 2 km. |